HAFS Elektro & Rør AS er eit sterkt fagmiljø i Ytre Sogn, eigd og driven lokalt. Me har brei kompetanse og lang erfaring innan både elektro og røyr, og tek oppdrag i Askvoll, Fjaler, Hyllestad, Solund, Gulen, Høyanger og Masfjorden.
Me brenn for lokalt næringsliv, og ønskjer å vere ein positiv aktør i regionen. Det betyr både å skape arbeidsplassar, tilby læreplassar – og støtte lokale lag og foreiningar.