Me har 45 tilsette og jobbar kvar dag for å vere det naturlege fyrstevalet for både private og næringskundar. Me tilbyr moderne, berekraftige løysingar og set kvalitet, tryggleik og god kundeservice i førarsetet.
Autoriserte elektrikarar som leverer trygge og moderne løysingar – frå bustad til industri. Me hjelper deg med alt frå enkle serviceoppdrag til større prosjekt.
Sertifisert tilsyn og kontroll av elektriske anlegg – for bustad, landbruk og næringsbygg. Me hjelper deg å halde anlegget trygt og i tråd med forskriftene.
Når du vel oss, får du ein fagpartnar som jobbar strukturert, dokumenterer arbeidet og leverer i tråd med gjeldande krav. Sertifiseringar og godkjenningar er ikkje berre «stempel» – dei er ei stadfesting på at me tek kvalitet, sikkerheit og ansvar på alvor i kvart einaste oppdrag.
Tryggleik du kan stole på
Eit større fagmiljø i ryggen
Når me er del av fagkjeder, betyr det at me ikkje står aleine – me er kopla på eit større fagmiljø med krav til kvalitet, kompetanse og gode rutinar. Det gir oss betre tilgang på oppdateringar, kurs og støtte i kvardagen, slik at me kan levere endå tryggare og meir moderne løysingar til deg.
Tilbakemeldingar frå kundar
Jostein DVia Google anmeldelser
Kjapt og effektivt utført oppdrag med elektrisk installasjon i garasjen. Ryddig og pent etter elektrikeren, fagmessig utført. Kan anbefale HAFS.
Kristine SVia Google Anmeldelser
Strålende arbeid og kundeservice, kan virkelig anbefale disse 👍🙂