Ledige stillinger

RØYRLEGGAR

Me treng endå fleire flinke fagfolk i HAFS Elektro & Rør, og søker derfor etter røyrleggar som skal ivareta eksisterande og nye kundar.

Stillinga inneber alt av tradisjonelt røyrleggararbeid, frå enkle serviceoppdrag til større prosjekt innan fagområda sanitær, varme- og kjøleanlegg, vassforsynings- og avløpsanlegg.

 

KVALIFIKASJONER OG PERSONLEGE EIGENSKAPAR

  • Sveinebrev som røyrleggar
  • Relevant erfaring, lang erfaring kan kompensere for sveinebrev
  • Service innstilt, påliteleg og bidrar til eit godt arbeidsmiljø
  • Jobbar godt sjølvstendig og saman med andre
  • Førarkort klasse B
  • Snakkar godt norsk
  • Kjekt om du har F-gass sertifikat og erfaring med montering av varmepumper

 

ME TILBYR

  • Spennande og varierte arbeidsoppgåver
  • Gode arbeidskollegaer og eit godt arbeidsmiljø
  • Kurs og eventuelt vidareutdanning
  • Eigen servicebil
  • Konkurransedyktig løn
  • God forsikrings- og pensjonsordning

 

Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Arild Wergeland om du har spørsmål til stillinga på mobil 97 72 76 23 / e-post arild@hafs-elektro.no eller fagleg ansvarleg Tore Høydal på mobil 95 12 40 50 / e-post tore@hafs-elektro.no

Søknad på stillinga sendast til post@hafs-elektro.no

LÆRLINGAR

  • Røyrleggarfaget
  • Elektrikarfaget

Ser du etter ein kjekk læreplass med varierte arbeidsdagar? Send oss ein søknad innan 1. mars.

Søknad på stillinga sendast til post@hafs-elektro.no

INGENIØR BYGGTEKNISKE FAG

HAFS Elektro og Rør AS er ein lokal leverandør av elektro- og røyrleggartenester. Me leverer pålitelege, framtidsretta og konkurransedyktige løysingar til den private og offentlege marknaden, til næring og landbruk. Bedrifta har i overkant av 40 tilsette fordelt på avdelingskontora våre på Hardbakke i Solund, på Eidsneset i Hyllestad og på Brekke i Gulen.

For å vidareutvikle og rigge bedrifta for framtida ønsker me å styrke prosjektorganisasjonen vår med ein ingeniør/teknikar som har erfaring innan prosjektleiing. Me søker primært etter ein person med relevant bakgrunn innan VVS/byggtekniske fag som vil inngå i vår rør avdeling på Brekke i Gulen. Du må vere opptatt av å levere kvalitet, vere løysingsorientert, engasjert og serviceinnstilt.

OM STILLINGA

ANSVAR OG ARBEIDSOPPGÅVER

  • Prosjektering
  • Leie prosjekt frå tilbod til overlevering
  • Økonomi og ressursforvalting i prosjekt
  • Ansvar for HMS og kvalitet i eigne prosjekt
  • Bygge gode relasjonar med kollegaer, kundar og samarbeidspartnarar

 

KVALIFIKASJONER

  • Teknisk fagskule, ingeniør og/eller meisterbrev. Brei erfaring kan kompensere for manglande utdanning.
  • Fordel med tidlegare leiarerfaring, men ikkje eit krav
  • Positiv, samarbeidsvillig og evner å jobbe sjølvstendig og i lag med andre
  • Strukturert og nøyaktig
  • Gode datakunnskapar og erfaring med CAD verktøy
  • God munnleg og skriftleg formuleringsevne

 

ME TILBYR

  • Ei spanande og utviklande stilling i eit sterkt fagleg miljø
  • Eit godt tverrfagleg miljø
  • Konkurransedyktige vilkår
  • Gunstige pensjons- og forsikringsordningar
  • Arbeidsstad Brekke i Gulen

 

Ta gjerne kontakt med avdelingsleiar Arild Wergeland om du har spørsmål til stillinga. Mobil 97 72 76 23 eller e-post arild@hafs-elektro.no

Søknad på stillinga sendast til post@hafs-elektro.no

Elektroinstallasjon

HAFS Elektro & Rør AS er autorisert elektroinstallatør og tilbyr alt av elektrikartenester.

Røyrlegging

HAFS Elektro & Rør AS tilbyr alt av røyrleggartenester

Maritime installasjonar

HAFS Elektro & Rør AS har lang erfaring med maritime installasjonar innan skip og oppdrett.

Internkontroll / elkontroll

HAFS Elektro & Rør AS utfører kontroll på elektriskeanlegg i næringsbygg, industrianlegg, bustad- og landbruksinstallasjonar.

Automasjon og smarthus

Me leverer røyrinstallasjoner til nybygg, rehabilitering, sanitæranlegg, varmeanlegg og vassverk.

Kontakt oss

Telefon: 57 78 89 00
E-post: post@hafs-elektro.no


Adresse:
Sognefjordvegen 444, 5961 Brekke

Om oss

HAFS Elektro & Rør AS er din lokale leverandør innan elektroinstallasjon og røyrlegging. Me leverer pålitelige, framtidsretta og konkurransedyktige løysingar.