Om oss

Lokal leverandør

Bedrifta har 40 tilsette fordelt på dei tre avdelingane i Gulen, Hyllestad og Solund. Føretaket har lokale eigarar som høyrer heime i desse kommunane. Våre elektrikarar og røyrleggarar tek oppdrag i Gulen, Hyllestad, Solund, Fjaler, Askvoll, Høyanger og Masfjorden.

Me ynskjer å ta eit berekraftig samfunnsansvar ved å skape lokale arbeidsplassar og tilby læreplass til nye lærlingar kvart år. Me behandlar eigne tilsette i samsvar med arbeidslivet sine spelereglar. Og me støtter lokale foreiningar og lag som arbeider med born og unge.

Elektrikarane og rørleggjarane våre har godt utstyrte servicebilar og har tilgang til lager i Eidsnesfeltet, Askvoll, Hardbakke, Brekke og Sløvåg.

Bedrifta er medlem i Elfag; ein av Noreg sine mest kjente elektrikarkjedar, og i VVS Fagmann samarbeidet.

Policy

HAFS Elektro & Rør skal som lokal leverandør av pålitelege og framtidsretta elektro- og røyrleggarteneste innfri krav til våre interessepartar.

Bedrifta skal ta eit berekraftig samfunnsansvar ved å innrette verksemda slik at den kjem tilsette, lokalsamfunn og miljøet til gode. Bedrifta skal vere kunden sitt naturlege fyrsteval.

Gjennom våre aktivitetar engasjerer bedrifta seg for å verne og førebygge forureining av miljøet.
Bedrifta skal gjennom dette overhalde vår miljøplikt og vår samsvarsforplikting.

HAFS Elektro & Rør arbeider systematisk og langsiktig med risikostyring. Det inneber kontinuerleg fornying av våre prosessar for å forbetre vår kvalitet- og miljøprestasjon. Dette gir ei ramme for å fastsette våre kvalitets- og miljømål.

Kompetanse

HAFS Elektro & Rør AS er eit firma med høg kompetanse og lang erfaring. Me har tre godkjente elektroinstallatørar, ein røyrleggarmester, fleire med fagskule, nokon med ingeniørutdanning og alle arbeidarane våre har eit eller fleire fagbrev.

Bedrifta jobbar systematisk med sertifisering og kompetanseheving av personell for å kunne tene marknaden optimalt. Me er godkjent opplæringsbedrift for elektrikar- og røyrleggarfaget og har lærlingar knytt til oss for begge faga.

Kvalitet

HAFS Elektro & Rør AS sitt styringssystem for kvalitet er sertifisert i samsvar med ISO standard 9001:2015. Prosessane og rutinane til bedrifta er grundig gjennomgått og godkjent av ein uavhengig tredjepart.

Me har valt å sertifisere oss for å stadfeste at kvalitets- og miljøarbeid er vårt viktigaste fokusområde, og for å tydeleggjera at me kontinuerleg jobbar med å forbetre oss. ISO-sertifiseringa sikrar at våre interessepartar kan stole på at me møter alle våre forpliktingar som sertifisert bedrift.

Miljø

HAFS Elektro & Rør AS sitt styringssystem for miljø er sertifisert i samsvar med ISO standard 14001:2015.

Det inneber at me arbeider systematisk og langsiktig med dei miljøaspekt som me kan påverke gjennom våre aktivitetar:

  • tilby energieffektive løysingar til våre kundar
  • sikre rett sortering av avfall og rett behandling av farleg avfall
  • bærekraftig innkjøp
  • redusert energiforbruk
  • redusere utslepp frå bilparken vår

Elektroinstallasjon

HAFS Elektro & Rør AS er autorisert elektroinstallatør og tilbyr alt av elektrikartenester.

Røyrlegging

HAFS Elektro & Rør AS tilbyr alt av røyrleggartenester

Maritime installasjonar

HAFS Elektro & Rør AS har lang erfaring med maritime installasjonar innan skip og oppdrett.

Internkontroll / elkontroll

HAFS Elektro & Rør AS utfører kontroll på elektriskeanlegg i næringsbygg, industrianlegg, bustad- og landbruksinstallasjonar.

Automasjon og smarthus

Me leverer røyrinstallasjoner til nybygg, rehabilitering, sanitæranlegg, varmeanlegg og vassverk.

Om oss

HAFS Elektro & Rør AS er din lokale leverandør innan elektroinstallasjon og røyrlegging. Me leverer pålitelige, framtidsretta og konkurransedyktige løysingar.