HAFS Elektro & Rør skal som lokal leverandør av pålitelege og framtidsretta elektro- og røyrleggarteneste innfri krav til våre interessepartar.
Bedrifta skal ta eit berekraftig samfunnsansvar ved å innrette verksemda slik at den kjem tilsette, lokalsamfunn og miljøet til gode. Bedrifta skal vere kunden sitt naturlege fyrsteval.
Gjennom våre aktivitetar engasjerer bedrifta seg for å verne og førebygge forureining av miljøet. Bedrifta skal gjennom dette overhalde vår miljøplikt og vår samsvarsforplikting.
HAFS Elektro & Rør arbeider systematisk og langsiktig med risikostyring. Det inneber kontinuerleg fornying av våre prosessar for å forbetre vår kvalitet- og miljøprestasjon. Dette gir ei ramme for å fastsette våre kvalitets- og miljømål.