HEIM – LEDIGE STILLINGAR
Vil du jobbe i eit framoverlent firma med godt arbeidsmiljø og spennande oppdrag? Me er stadig på jakt etter dyktige fagfolk som vil vere med på laget.
Er du røyrleggjar – eller har du annan byggteknisk kompetanse?
Me opplever ein hyggjeleg og stor pågang på røyrleggjartenestene våre. Me ynskjer oss derfor ein person eller to til på laget. Det å få tak i faglært røyrleggjar har vist seg å ikkje vera heilt enkelt, så me har bestemt oss for å gå litt breiare ut.
Me ser derfor ikkje nødvendigvis etter ein/ei som er utdanna røyrleggjar. Dersom du er tømrar, ventilasjonsmontør, kulde/varmepumpemontør, blikkenslager, byggdriftar/vaktmeister eller betongarbeidar/murar – og har lyst til å utvida horisonten din, er det også svært interessant.
I HAFS Elektro & Rør AS er oppgåvene til ein røyrleggjar svært varierte. Me arbeider ikkje berre med sanitærinstallasjon i bustader. Hjå oss får røyrleggjarane like gjerne vera med på industrioppdrag, oppdrag i landbruket, oppdrettsanlegg, varme- og kuldeanlegg samt alt anna ein røyrleggjar kan tenkjast å kunne bidra i. Den rette kandidaten vil derfor verta svært god på mange felt og ingen dagar er heilt like.
Dersom du kjenner at noko av dette treff deg – så ikkje nøl med å senda søknad og CV til post@hafs-elektro.no
Spørsmål? Kontakt baseleiar Arild Wergeland på telefon 977 27 623