Maritime installasjonar

HEIM – MARITIME INSTALLASJONAR

Elektro til sjøs – me har erfaringa

Me har lang erfaring med elektroinstallasjonar i maritime miljø, og leverer både til skip, oppdrett og annan sjøbasert verksemd. Enten det gjeld nybygg, ombygging eller service, kan me levere alt av svak- og sterkstraum, samt reservedelar og komponentar. Me har eit sterkt nettverk i bransjen og tett samarbeid med verft, skipsdesignarar og utstyrsleverandørar – noko som gjer oss til ein trygg og fleksibel partnar.

Me har også DSB – godkjenning som akseptert foretak for kontroll av det elektriske anlegget om bord i fiske- og fangstfartøy og laste- og passasjerfartøy under 15 meter.