Me har lang erfaring med elektroinstallasjonar i maritime miljø, og leverer både til skip, oppdrett og annan sjøbasert verksemd. Enten det gjeld nybygg, ombygging eller service, kan me levere alt av svak- og sterkstraum, samt reservedelar og komponentar. Me har eit sterkt nettverk i bransjen og tett samarbeid med verft, skipsdesignarar og utstyrsleverandørar – noko som gjer oss til ein trygg og fleksibel partnar.