Ledige stillingar

Ledige stillingar

Her finn du ledige stillingar hjå HAFS Elektro & Rør AS.

FAGANSVARLEG RØYR / RØYRLEGGAR

Me søkjer etter ein fagansvarleg på røyravdelinga vår. Arbeidet vil bestå av sal, tilbodsberekning, prosjektering, søknadsprosess og prosjektoppfølging. Me ønskjer primært søkjarar med meisterbrev eller teknisk fagskule innanfor røyrleggarfaget, men oppmodar også personar med sveinebrev i røyrleggarfaget om å søkje som røyrleggar.

Personen me søkjer har også:

  • Gode kommunikasjonsevner med nordisk språk
  • Evne til systematisk og sjølvstendig arbeid
  • God erfaring med bruk av data. Kjennskap til verktøy som DDS-CAD, Visma, SuperOffice er ein fordel, men ikkje noko krav

Me kan tilby:

  • Konkurransedyktig løn
  • Gode arbeidskollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Varierte oppgåver
  • God pensjonsordning

Arbeidsstad vil vere i Gulen, eventuelt Solund eller Hyllestad.

Ved spørsmål til stillinga, ta kontakt med avdelingsleiar Arild Wergeland mobil 977 27 623 eller dagleg leiar Rolf Eide på mobil 975 05 148.

Søknad sendast til post@hafs-elektro.no innan 13.10.2017

———————————————————————————————————————————————————

ELEKTROMONTØR  Gr. L

Me søkjer etter ein elektromontør som skal ivareta eksisterande og nye kundar i følgjande områder:

  • Gulen, Masfjorden, Solund og Høyanger sørside

Me søkjer etter personar som har:

  • Fagbrev som elektromontør, gjerne fleire fagbrev
  • Gode kommunikasjonsevner med nordisk språk
  • Evne til systematisk og sjølvstendig arbeid

Me kan tilby:

  • Konkurransedyktig løn
  • Gode arbeidskollegaer og godt arbeidsmiljø
  • Varierte oppgåver
  • Servicebil
  • God pensjonsordning

Ved spørsmål til stillinga, ta kontakt med avdelingsleiar Arild Wergeland på mobil 997 27 623 eller dagleg leiar Rolf Eide på mobil 975 05 148.

Søknad sendast til post@hafs-elektro.no  innan 13.10.2017